tag:blogger.com,1999:blog-142859829688790492.post8825601083249347326..comments2023-04-25T16:28:52.685-07:00Comments on Digitale spor: FredagLeif Harboehttp://www.blogger.com/profile/08173379933205990939noreply@blogger.comBlogger2125tag:blogger.com,1999:blog-142859829688790492.post-37206297016884435422008-12-21T02:03:00.000-08:002008-12-21T02:03:00.000-08:00Det er kanskje en tilbøyelighet jeg har, til å se ...Det er kanskje en tilbøyelighet jeg har, til å se alt mørket, men ja, det finnes lys.Leif Harboehttps://www.blogger.com/profile/08173379933205990939noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-142859829688790492.post-2128641497027756152008-12-20T00:18:00.000-08:002008-12-20T00:18:00.000-08:00Viss du ser etter, vil eg påstå at det er spor ett...Viss du ser etter, vil eg påstå at det er spor etter kristendom overalt. Både nå og gjennom kyrkja sin historie. Du kan ikkje bare sjå på inkvisisjonen og gløyma å sjå på Frans av Assisi, og mor Theresa og Desmond Tutu. Og alle menneske som etter beste evne og vilje har lagt liva sine i Kristi naglemerka hender og basert heile sin eksistens på å fylgja etter han som vart krossfesta.

Både i kvardagane og i kyrkja ser eg desse spora, tydeleg og heile tida. Desse spora er ikkje alltid av det slaget som lyser ein fortast i møte, men dei er der og det er mange av dei.

Eg ser spor av kristendom på alle kantar og kjenner Guds nærver i lufta eg pustar inn og i blikka til dei eg møter. Når eg er i kyrkja kjenner eg sukka frå dei andre som er der. Eg merker vilje til å gjera bot, yskjet om å vera sanne etterfylgjarar av han som vart fødd i ein stall og var ringeakta i verda.

I kyrkja kjenner eg ein straum av varme fødd i svake, sterke menneske som eg trur er med å bera det gode i verda. Eg trur at Guds rike er der og pustar og vibrerer, og at du og eg og alle andre menneske med evne til å velja det gode eller det vonde dagleg er med på å bera kristendomen ut i verda. At det ikkje alltid viser så godt fordi liva våre samtidig ropar høgt om andre ting, er ein heilt annan sak.

Eg klarte bare ikkje å la vera å skriva dette...Anonymousnoreply@blogger.com