søndag 3. mars 2019


Einsamflygar
 
Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad.
 
Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lenger ein av dei.
 
Sin eigen veg må han finne,
eller - om han trøytnar om litt -
gi tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame titt.
 
Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvessar sine jarn.
Ein fugl flyg einsam under stjerner.
Ikkje gråt for denne fuglen, barn.
 

Frå Halldis Moren Vesaas: Dikt i samling. Aschehoug 1998

Ingen kommentarer: