onsdag 13. mai 2009

Sjæ Jæren gamle Jæren

Sjå Jæren gamle Jæren

han ligg og lyser fjåg.
Med åkrar og med engjer han seg breider.
Sjølv var han alle dagar det beste som me såg
og han skal ha vår sveitte og vår heider!
Med arbeid me han pryder, så veks han år for år,
og for dei tusen lyder
han blømer vår for vår,
den heimegilde, gode, gamle Jæren.

Me helsar kvar ei hytte, me elskar kvar ein heim,
og elskar kvar ein tuft og kvar ei tuva.
Me sender au ei helsing langt burt til framand svein,
til dei som reiste burt dit draumen ruva.
Til dei som nådde målet,
til dei som inkje rokk!-
I ståket, der i skrålet,
me veit det går ein flokk,
som minnest og som lengtar heim til Jæren.

Sjå havet, breide havet, som blånar langt mot land,
og voggar seg i blide solskinsdagar,
men som i uversrider slår dundrande mot strand,
når stormen over sjumilssletta jagar!
Å kor det hugen tryllar, det store, store hav!
I sær når sola gyllar,
alt med ho sloknar av,
og kvelden legg si skuming over Jæren.

Gud inderleg velsigne oss alle her me bur
at me kan vera trugne i vårt yrke.
Og må me alltid vita at me på honom trur
og får hjå han vår tålmod og vår styrke.
Og lat så dagen enda, og sol i hav gå ned.
Han alt så vel vil venda
så hjarto hyser fred
i siste skumringskvelden vår på Jæren.

Torvald Tu

1 kommentar:

heidi sa...

Framand svein skal det stå, og solskinsdagar. Det gjekk nok litt fort i svingane då eg skreiv songen inn på min
blogg...